Utskriftsvennlig versjon

Organisering av arkivtenesta

Arkivtenesta i Sund kommune er organisert med felles postmottak i sentralarkivet på kommunehuset.

Sund kommune innførte frå 01.01.2016 heilelektronisk arkiv for arkivdel saksarkiv, personalarkiv, startlån og eigedom.  Frå 01.01.2017 vart arkivdel byggesak og plan heilelektronisk. Dei andre arkivdelane er pr. i dag papirbaserte som før, gjeld for desse arkivdelane; elev, barn, avtale. Alle fagsystem er papirbaserte. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk.

 Arkivskaparar i Sund kommune

 Følgende arkivskaparar skal byggja opp og halda vedlike arkivseriar i kommunen;

  •  Sentralarkiv
    • Saksarkiv (FA4)
    • GNR/BNR arkiv for areal (BYGG)
    • Planarkiv (PLAN)
    • Personalarkiv (PERS)
    • Avtalearkiv (AVTALE)
    • Startlån (START)
    • Eigedomsarkiv (EIGE)
    • Vigsel (VIG)
    • Møtebøker
    • Kopibøker (fagsystem)
    • Klientarkiv sosial
    • Barnevernsarkiv
    • PPT arkiv
    • Elevarkiv
  • Psykisk helse
  • Tiltak funksjonshemma
  • Flyktningetenesta
  • Pleie og omsorg
  • Helsestasjonen
  • Legekontoret
  • Telavåg skule (elevarkiv)
  • Glesnes skule (elevarkiv)
  • Skogsvåg skule (elevarkiv)
  • Stranda skule (elevarkiv)
  • Sund ungdomsskule (elevarkiv ungdomsskule og vaksenopplæring)
  • Telavåg barnehage (barnemapper)
  • Glesnes barnehage (barnemapper)
  • Skogsvåg barnehage (barnemapper)
  • Klokkarvik barnehage (barnemapper)
  • Stranda barnehage (barnemapper)

Alle arkivskaparar skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

 

 

 

 

 

Laster...