Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Sund kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemda kommunen driv, skal kunne finna informasjon om kva retningslinjer som må følgjast, og kva løysningar kommunen har på arkivområdet.

Arkivplanen vert oppdatert jamnleg. Det vert sendt ut melding til berørte partar når ein revisjon/korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkivleiar kontaktast. Arkivleiar Eva-Marit Telle Hamre kan kontaktast på telefon 56327550/992 90 750 eller e-post eva.m.t.hamre@sund.kommune.no

Kommunens sin arkivleiar vil ha det daglege ansvar for å følgja opp arkivplanen sine reglar i høve alle einingar i kommunen.

Laster...