Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

Kommunestyret er det øvste organet i kommunen og vert vald av kommunen sine innbyggjarar med røysterett ved kommunestyrevalet kvart 4. år. Kommunestyret i Sund har 21 medlemer. Kommunestyret har ca 10 møter i året. Det vert sett opp halvårlege møteplanar, som du finn på heimesida til kommunen.

 Ordførar Kari-Anne Landro

 

ordfoerar_karianne_landro

Kari-Anne Landro (f. 1976) er oppvaksen i Sund og busett på Skaga, er gift og har to barn.

Ho har vore fast medlem i kommunestyret sidan 2003 og representerer Høgre. Vidare har ho vore leiar av forvaltningsstyret i perioden 2007-2011, leiar av administrasjonsutvalet frå 2011 og fast medlem av formannskapet frå 2011.

Ho vart vald til varaordførar i 2011 og hadde den rolla fram til oktober 2013, då ho vart vald til ordførar.

Kari-Anne er utdanna sivilingeniør frå NTNU og har sidan 2006 jobba i Statoil på Sandsli.

 Politisk organisasjonskart for Sund kommune

 

Politisk organisasjonskart

 

Saksgruppene får sine oppdrag frå kommunestyret eller ordførar og rapporterer til kommunestyret.

Forvaltningsstyret sine funksjonar:

  • Fast planutval etter plan- og bygningslova
  • Klientutval sos./barnevern og omsorgstenester
  • Kontrollutval etter Alk.lova
  • Klageorgan for administrative avgjerder - FVl. § 28
  • Handsamar klagesaker der statlege organ har avgjerdsrett
Laster...