Utskriftsvennlig versjon

Arkivperiodar sakarkiv

Saksarkivet i Sund kommune vert periodisert kvart fjerde år i samsvar med kommunestyreperiodane. I samband med oppretting av Servicekontoret 18.09.2001 (ca midt i ein kommunestyreperiode) vart periodane forlenga til seks år slik at vi unngjekk to små periodar på to år kvar.

Før 1992 var Sund kommune delt opp i følgjande arkivdelar/-skaparar:

Rådmannen (RK)
Teknisk etat
Helse og sosialkontor
Kultur
Skule
Kommunekassen

Etter omorganiseringa i 1992 fekk vi frå 01.01.1993-17.09.2001 følgjande arkivdelar/-skaparar:

RK - Rådmannen
BF - Barne- og familiekontoret
NK - Nærmiljøkontoret

Frå 18.09.2001 har vi ei journaleining RM (rådmannen) og arkivdelane FA, FA2 og FA3.

Frå 01.01.2016 vart vi fullelektronisk på saksarkivet og har arkivdel FA4 under journaleining PM.

Saksarkivet har då vert periodisert som følgjer:

RK -
RK - 01.01.1992-31.12.1995
RK - 01.01.1996-17.09.2001
FA - 18.09.2001-31.12.2007
FA2 - 01.01.2008-31.12.2011
FA3 - 01.01.2012-31.12.2015
FA4 - 01.01.2016-31.12.2019

Laster...