"SEFRAK er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. Det rare namnet er opphavleg ei forkorting for Sekretariatet for Registrering av faste Kulturminne i Noreg, som var det organet som starta prosjektet. Ansvaret for registeret er seinare overteke av Riksantikvaren. SEFRAK vart bygt opp gjennom eit stort anlagt feltarbeid i åra 1975-1995. Mange tusen registratorar samla då inn opplysningar om alle bygningar frå før år 1900 i Noreg. I delar av landet vart grensa for registrering sett noko lenger fram i tid, t.d. valde ein å registrere alt som var frå før 1945 i Finnmark. Med til arbeidet høyrde også kartfesting, oppmåling og fotografering av objekta. I alt er det registrert ca 515.000 objekt i SEFRAK, av dei er i underkant av 400.000 bygningar som framleis står. Resten er ruinar, andre minne enn hus eller objekt som er blitt borte etter at dei vart registrerte. Formål: SEFRAK er først og fremst eit generelt kulturhistorisk register som kanskje særleg har verdi som kjeldemateriale for lokal historie. Men det vert også nytta av forvaltninga som eit utgangspunkt for å finne kvar det kan vere verneverdig bebyggelse. Det at ein bygning er registrert i SEFRAK gjev den ikkje automatisk nokon vernestatus. Oppføring i registeret inneber heller ikkje i seg sjølv spesielle restriksjonar for kva som kan gjerast med eit hus. Oppbevaring: Skjemamaterialet etter registreringane er no oppbevart hos dei enkelte fylkeskommunane, medan storparten av fotomaterialet finst hos Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Opplysningane er også lagt inn på data og utgjer ein del av Statens Kartverk sitt eigedomsregister GAB, og er såleis også enkelt tilgjengeleg for den kommunale forvaltninga." (teksten i ” ” er tatt fra Riksantikvaren sine hjemmesider)
I Sokndal kommune finnes kopi av av alle registerkort som er registrert i kommunen. Disse oppbevares i permer på Oppvekst- og kulturkontoret. Hvert objekt har sitt eget registerkort med en kort beskrivelse om plassering, eierforhold, bruksformål, tilstand, konstruksjonsmåte, kjente ombygginger osv. Dessuten en liten planskisse med mål og ett eller flere fotografier.
|