Planen skal vere retningsgjevande for dokumentbehandlinga i Fjell kommune. Det overordna målet er å få ei kontrollert behandling av posten slik at ein heile tida har oversikt over dokumentproduksjon og dokumenthandtering. Rutinane skal omfatte både arkiverte dokument og dokument som er mellombels oppbevart utanfor arkivet. Retningslinjene er i tråd med forskriftene til arkivlova, og Riksarkivaren sine føresegner om elektronisk arkivering. 01.01.2017 vart Fjell kommune heilelektronisk på sak-/arkivsystemet ePhorte. Alle papirarkiv vert avslutta. Arkivdel for avtale er på papir. |