Glemt Passord?

Bruk og oppdatering av arkivplan

Offentlege organ skal til ei kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert, jfr. Riksarkivarens forskrift § 1-1. Arkivplanen skal også vise kva instruksar, reglar, planar, m.m som gjeld for arkivarbeidet i organet.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene og er ein del av kommunen sitt internkontrollsystem. Jfr. forskrift om offentlege arkiv § 4. 

Arkivplanen skal sikre at Radøy kommune ivaretar arkivansvaret i tråd med arkivlova § 6:

"Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Oppdatering av arkivplanen skal skje når:

  • eit tenesteområde får oppretta ein ny arkivdel
  • det blir teke i bruk ny arkivnøkkel
  • eit tenesteområde tar i bruk eit nytt dataverktøy for lagring av informasjon
  • tenesteområde blir lagt ned eller oppretta
  • det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
  • det blir gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement
  • kommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor kommunen

Arkivleiar skal ha melding om alle endringar med følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk, og har rett til å uttale seg om dei følgjene endringane kan få for arkivet.