Glemt Passord?

Oppgåvefordeling mellom arkivpersonale, sakshandsamarar og leiarar

Arkivtenesta/servicekontoret har ansvar for å;
  • motta, åpne, sortere, stemple, journalføre og skanne all inngåande post. (arkivverdig)
  • opprette nye arkivsaker i samband med journalføring.
  • kvalitetsikre at sakshandsamar si registrering er korrekt.
  • kontrollere forfallslister og sende restanselister 4 gonger i året.
  • kvalitetsikre arkiv og journaldatabasen gjennom kontroll av alle registreringar.
  • betjene utlån frå arkiv.
  • arkivere.
  • journalføre eigenproduserte dokument.
  • frankere utgåande post.

Sakshandsamer har ansvar for å;
  • Levere personleg adressert post , anten det er papirdokument eller e-post, til sentralarkiv/servicekontoret for journalføring.
  • Ha oversikt over kva saker som er til handsaming ved hjelp av saksbehandlingssystemet WebSak
  • Kontrollere at rett offentlegheitsvurdering er gjort.
  • All dokumentproduksjon i et fagsystem
  • Avskrive inngående og interne dokument som er handsama.
  • Utgående brev leggjast i konvolutt og leverast til sentralarkiv for frankering.
  • Avslutte arkivsaker etter kvart som dei er ferdighandsama.

Leiar har ansvar for å;
  • gjennomgå og fordele post til rett sakshandsamer.
  • gjennomføre offentleghetsvurdering.
  • sjå til at restanselister vert følgd opp.
  • bidra til at krava til dokumentasjon av handsaming vert ivareteken.