Glemt Passord?

Målbruksplan for Eidfjord kommune

Vedteke i Eidfjord kommunestyre 14.04.1999 sak 14.99

 

Målform
Eidfjord kommune har i sak 14/76 gjort vedtak om å nytta nynorsk som administrasjonsmål
Med tilvising til dette vedtaket er dei tilsette og folkevalde pålagde å nytta nynorsk skriftspråk  i tenesta.
Etter lov om målbruk i offentleg teneste pliktar statsorgan å nytta nynorsk i alt brevskifte med  kommunen.

Språkpolitiske mål
Skriftspråket som vert nytta i kommunen er nynorsk. Språket må vera så godt og variert som mogeleg. Dei det fell naturleg for kan gjerne bruka eit skriftspråk som ligg nær opp til Eidfjord-dialekten. Kommunen ynskjer eit enkelt, klart og presist språk.
Dialekten (målføret) er ein særs viktig del av den lokale kulturarven. Å ha eit godt feste i ein dialekt gjev identitet og sjølvkjensle. Kommunen ser det difor som ei sentral oppgåve å verna om dialekten i Eidfjord gjennom levande bruk og medveten utvikling.
Mykje av grunnlaget for talemålet til borna vert i dag lagt i barnehagane og skulane. Det er  difor viktig at me har språkmedvetne medarbeidarar på desse stadane. Dei tilsette i grunnskule og barnehage må ta omsyn til talemålet til borna når det gjeld ordtilfang og uttrykksmåte.
Nynorsk og dialekt skal nyttast i størst mogeleg utstrekning i songar, opplesing, leikar o.a.
Det vert nemnt opp ei spesiell målbruks- og namnenemnd samansett av 2 politikarar frå hovudutvalet og 3 andre bygdefolk som har utdanning og/eller interesse innan norsk språk- røkt og folkeminne. Denne nemnda kjem med tilråding til kommunestyret.

Retningsliner for skriftspråket i kommuneadministrasjonen i Eidfjord
Ordleggingsmåten er kanskje den viktigaste reiskapen for å få eit flytande, lett og godt språk. Særleg viktig er det at me nyttar aktiv og ikkje passiv setningsbygnad. Ordrekkefølgja bør vera mest mogeleg som i vanleg talemål.

Det skal nyttast:

  • dobbel bunden form ( døme: det vedtekne budsjettet)
  • partisippbøying av verb ( døme: brevet er skrive - breva er skrivne

    )

  • høfleg form ( De - Dykk- Dykkar) i skriv til einskildpersonar eller grupper når dette er  naturleg ut frå innhald og mottakar.

Kommunen skal i hovudsak nytta ei konsekvent språkline, og me held oss innan gjeldande rettskrivingsreglar.

Der det finst valfrie former, bør me velja den forma som ligg nærast Eidfjord- dialekten:

  • infinitiv i alle verb ( døme: skriva)
  • me ( i staden for vi )
  • lokale ord og uttrykk som er vanlege i Eidfjord.
  • ei personleg form der me unngår det upersonlege ein, og brukar eg eller me i staden.
  • norske ord i staden for framandord, så sant det let seg gjera.

Tiltak Opplæring
Kommunen tek sikte på :

  • å gje alle kommunetilsette tilbod om kurs og rettleiing i god offentleg målbruk.  For sakshandsamarar er slike kurs obligatoriske.
  • å gjera tilsette i skulen og barnehagane kjende med dei lokale tilhøva når det gjeld språkformer, dialektar og lokal kultur.
  • å gje tilbod om tilpassa kurs minst ein gong i året.

I utlysinga av ledige stillingar skal det stå at administrasjonsmålet er nynorsk.

Hjelpemiddel
På alle kontor i kommunen skal det vera

  • Nynorsk ordliste
  • På godt norsk ( fornorskingsordliste) av M. Rommetveit.

Oppslagsbøkene skal vera av nyare dato. For meir tilfang, sjå vedlegg.

Dei tilsette må søkja sakkunnig hjelp i målspørsmål. I kommuneadministrasjonen skal det vera ein person som skal stå til rådvelde i slike spørsmål.
Det skal liggja inne nynorsk ordliste i språkrettingsprogramma i alle teksthandsamingsprogramma som vert brukt i kommunen og som kjem automatisk i bruk.
Fagetatane skal gjera seg kjende med den nynorske fagterminologien på sine fagfelt. Spesielle  fagord som ikkje ligg inne i den generelle ordlista skal leggjast inn.

Materiell
Kommunen skal syta for at alle skjema, blankettar, kvitteringshefte og liknande som vert  brukte i kommunen, er på nynorsk.
Alt skriftleg tilfang som vert nytta i skulen og barnehagar , skal vera på nynorsk så langt råd er.
Biblioteket har oversikt over tilgjengeleg barne- og ungdomslitteratur som skular og barnehagar kan nytta seg av. Biblioteket skal i si verksemd ha eit godt utval av nynorsk litteratur.
Alle malar som ligg til bruk i It-systemet skal vera på nynorsk.

Stadnamn
Byggjefelt, vegar og anna som skal namnsetjast, skal få lokale namn og byggja på lokal namnetradisjon. Alle slike namn må skrivast rett, og uttalen må vera i samsvar med målføret. Sjå også lov om stadnamn frå 18. mai 1990.