Bømlo kulturhus opna 2005 og vart frå 2006 gjort om til Bømlo Kulturhus KF, eit kommunalt eigd føretak. Arkivet for perioden fram til 2006 ligg i kommunen sitt saksarkiv ePhorte(Elements). Etter overgang til kommunalt føretak er arkivet til kulturhuset lagra i google disk. Arkivmapper - Bømlo kulturhus KF: Sjå vedlagde dokument
Plan for sikring av arkivverdig dokumentasjon:
Som avtala i møtet 25.01.2022 skal Bømlo kulturhus gå over til å bruke same system som Bømlo kommune for arkivering. For tida er dette arkivsystemet Elements.
Grunna manglande administrative ressursar er det ønskjeleg at Bømlo kommune bistår i oppretting av nye arkivmapper, eventuelt arkiveringsjobben.
Bømlo kulturhus har søkt om utsetjing på arbeidet, fornya frist er 31.12.2022.
Arkiveringsarbeidet er starta, men det er ikkje realistisk å fullføre arbeidet før fristen, ettersom ein ikkje har nok administrative ressursar i perioden. Leiar er for tida i permisjon og tilsett vikar er gitt nødvendige tilgangar til Elements for å nytta sak arkivsystemet for arkivering. Ein gjennomgang av Elements med vikar vart gjort 3. februar 2023. |