Generelle arkivrutinar

Arkivlova § 6 Arkivansvaret:
Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.
Saksdokument er dokument som er komne inn til eller lagde fram for eit organ, eller som organet sjølv har oppretta,
og som gjeld ansvarsområdet eller verksemda til organet (Offentleglova § 4).

Journalføringsplikta for desse dokumenta er tydeleg forankra i lovverket (Offentleglova § 10 og Arkivforskrifta §§ 2-6 og 2-7),
og det vert slege fast at eit kvart sjølvstendig register over saksdokument er å rekna som ein journal.
Dette gjeld uavhengig om registeret vert kalla ”journal” eller ikkje.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.