Kommunestyret er kommunen sitt øvste styrande organ med 27 representantar. Ein har høve til å fylgja møta direkte ved å klikka seg inn på Bømlo kommune si nettside - Politikk - Kommunestyre nett-tv. I tillegg til kommunestyret, er den politiske leiinga samansett slik: Formannskapet med 9 representantar Frå 21. oktober vart utval for oppvekst, kultur og idrett og utval for helse og omsorg nedlagt. Nye utval vart oppretta: Utval for levekår 7 representantar Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur 7 representantar Utval for natur, klima og miljø 7 representantar Utval for areal og samferdsel med 7 representantar Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalde og rettslege representant. Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet, representerer kommunen i ulike samanhengar og er bindeleddet mellom politikk og administrasjon. Lenke politiske utval: https://www.bomlo.kommune.no/politikk/ |