Rutiner for gjennomføring av undersøkjing - Tysnes barnevern

Rutiner for tilsette ved barneverntenesta

Dersom ei melding er konkludert med undersøkjing, skal det opprettast ein arbeidsplan for undersøkjing under «planer» i Acos. I feltet «melding» koblar ein saman uromelding og planen.

Planen vert utforma ved å fylla ut alle felta som gjeld bakgrunn. Her kan ein henta tekst frå meldinga og kopiera inn tekst.

Ferdig plan vert laga og har fått status G, går bildet over i modus for fagtekst B og innhaldet i planen vert låst.

Undersøkjinga må stå i forhold til innhaldet i meldinga. Viktig å skilja mellom kva som er fakta og kva som er vurdering.

 

Sjekkliste:

I alle undersøkjinga skal ein nytta hjelpedokumentet «sjekkliste undersøking» som ligg inne i Acos som brevmal/logg. Dokumentet skal opprettast og fyllast ut, gjærne undervegs.

Ved endt undersøkjing skal dokumentet skrivast ut og underteiknast av sakshandsamar og barnevernleiar, og leggjast i den fysiske mappe til barnet. Dette skal utførast av personell i fellestensta. Mappa ligg i arkivrom ved fellestenesta.

Rapport:

Mot slutten av undersøkjingsperioden og i god tid før fristen går ut, skal det utarbeidast sluttrapport for undersøkinga. Sluttrapporten skal leggjast fram for partane i eit sluttmøte som skal avhaldast før fristen går ut.

 

Det skal fattast enkeltvedtak også når undersøkinga konkluderer med henlegging av saka. Vedtak skal innehalda opplysingar om arbeidet med undersøkjinga, herunder vureringar og konklusjonar. Vedtakstype: STOPP

For meir deltaljert rutine, sjå fagprogram Acos barnevern.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.