Rutiner for tilsette ved barneverntenesta: Mottak av uromeldingar: Uromelding pr. telefon: Dersom det kjem melding på ungdom over 18 år, skal meldinga makulerast umiddelbart. Dersom uromeldingar kjeme via telefon, skal sakshandsamar registrera inn meldinga. Uromelding pr. post: Sjekk om barnet er heimehøyrande i kommunen. Dersom meldinga gjeld barn som er heimehøyrande i annan kommune, skal meldinga registrast i Acos med grunngjeving om at meldinga er overført til annan kommune. Barnet skal registrerast inn med namn, adresse, fødsels- og personnummer frå folkeregisteret. Namn på foreldre og ev søsken, kvan som har foreldreansvar og dagleg omsorg. Registrer inn meldinga og gje dokumentet ei skildrane overskrif. (t.d. uromelding frå politi) Velg hovudgrunn/tilleggsgrunn, desse vert sidestilt i rapporteringa. Registrer innhaldet i meldinga dersom det er ei munnleg melding. Registrer meldar ved å velja «meldere» søk i GID registeret Klikk på tekstdok og kopla til innskanna dokument dersom ein har det Legg inn barnevernleiar under ansvar i Acos Legg meldinga til leiar Oppfølgjing av meldingar: Rutine/kvalitetsplan ligg i Acos Henlagte meldingar: Meldingar som vert registrert inn, men som vert lagt bort utan undersøkjing, vert arkivert i «samlemappe» i barnevernarkiveti 5 år og deretter kan det overførast til langtidslagring Dersom foreldra skal ha innsyn i henlagde meldingar må det vurderast opp mot omsynet til det beste for barnehage og god forvaltingsskikk. Mottak av søknader: Mottak av søknader til barneverntenesta om t.d. konkrete hjelpetiltak, skal registrerast som ei uromelding og undersøkjast på vanleg måte. Henvendingar av dette slaget, skal enda opp med eit vedtak om tiltakt eller avslag, slik at privat part kan klaga. Meldingar som gjeld ufødt barn: Ufødte barn kan registrerast i Acos med termindato og nødnummer i stad for fødselsnummer (dette vil føra til at barnet vert rapportert med ein eigen kode i KOSTRA) Normalt vert namn registrert med etternamn, ufødt. Namn kan endrast seinare. Ufødte barn som er omfatta av tiltak som gjeld gravid rusmiddelavhengig , kan barnevernet registrera meldinga utan samtykke frå den gravide. For meir detaljerte rutiner, sjå fagprogrammet Acos barnevern. |