Rutiner for godkjenning av vedtak - Tysnes barnevern

Rutiner for tilsettte ved barneverntenesta

 

Vedtaksbildet i Acos vert nytta til å fatta ulike former for vedtak

         Enkeltvedtak etter forvaltningslova, gjev partane klagegang

         Administrativ beslutning vert nytta når det er behov for å dokumentera ulike typer tiltak, utbetalte pengar eller skrifteleggjering av avgjerd. Denne forma vert brukt når:

1                   Det ikkje er ein part, t.d. plasseringsvedtak som er heimla i dom eller fylkesnemndsvedtak

2                   Det ligg ein annan avtale til grunn, t.d. ved avgjerd om å laga utbetaling i tillegg til fosterheimsavtalen

3                   Dersom tiltaket grensar mot drift av btv, t.d. bruk av sakkunnig, bruk av tolk

Vedtaket inneheld minimum eit dokument med ei avgjerd, som oftast også eit eller fleire tiltakt – gjerne med utbetalingar

 

Vedtakstype KU – inneber konklusjon på undersøkinga, og skal nyttast på første vedtak etter endt undersøkjing. Gjeld ikkje henlagte undersøkjingar.

 Vedtakstype avslag AV – vert nytta når ei tiltakssak vert lagt bort eller ved avslag på tiltak.

 

Vedtakstype STOPP – vert nytta når tiltak skal avsluttast og undersøkjing vert lagt bort

 

Utforming av vedtak:

Sakshandsamar fyller ut vedtaks-bildet. Fyll ut:

1                   Vedtaksperiode, eining og ansvarleg for vedtak

2                   1. Bakgrunn/aktuell situasjon 2. Tiltak/transaksjoner 3. Barnet/foreldre si meining 4. Grunngjeving

3                   Produsera sakspapir og partsbrev med vedtak i Acos før vedtak som er klar for godkjenning vert sett til status F (ferdig, til godkjenning)

 

Leiar/stedfortredar går dagleg gjennom rapporten «vedtak klar for godkjenning». Leiar/stedfortredar gjer eventuelle justeringar og melder desse tilbake til kontaktperson for endring, før vedtaket vert sett til status G, skriva ut vedtaket og underteikna før det vert lagt i posthylla til sakshandsamar for gjennomføring.

 

Utsending av vedtak:

Sakshandsamar underteiknar vedtak etter at det godkjent av leiar, legg det til utsending i eigna skap i fellestenesta for utsending og arkivering. Før utsending skal det takast kopi til mappe og kopibok.

For meir utfyllande ruinte, sjå fagprogram Acos barnevern.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.