Ytre einingar mottek og journalførar eigen post. Dette gjeld barnehagar, skular og omsorgssenter. Journalføring i fagsystema Her skal det førast inn rutinar for journalføring i fagsystema i organisasjonen, dersom slike finst. Det skal vere rutinar for kven som journalfører i systema og kva for system dette gjeld. Manuell journalføring Dei einingane som ikkje er knytt til det sentrale arkivsystemet eller nokre av fagsystema skal føre papirbasert postjournal. For desse gjeld følgjande rutinar Ansvarleg for journaleininga skal påføre mottekne saksdokument eit stempel som identifiserar dokumentet og knyter det til journalen. Stempelet skal ha opplysningar om organisasjonsnamn, journalføringsdato løpenummer, saksnummer, arkivkode, sakshandsamar og gradering. I journalen skal det i tillegg førast opp namn på avsendar/mottakar, dokumenttittel, sakstittel, dokumentdato, avskrivingsdato og avskrivingsmåte. Offentleg post Ikkje offentleg post
|