Postrutine Geiranger skule og barnehage

Styrar har ansvar for posthenting. Post som ikkje blir journalført same dag som den blir henta, blir oppbevart på styrar sitt kontor. Kontoret er låst utanom arbeidstid.

Inn og utgåande post blir journalført og lagt i permar.

PERM 1: Inngåande post - offentleg

PERM 2: Inngåande post - ikkje offentleg

PERM 3: Utgåande post - offentleg

PERM 4: Utgåande post - ikkje offentleg

PERM 5: Møtebok - offentleg (referat)

PERM 6: Rundskriv

PERM 7: Læringssenteret

Ikkje offentleg post (perm 2 og 4) blir oppbevart i låst skap på styrar sitt kontor.

Personleg post vert levert uopna til rette vedkomande.

Postjournalen er til ei kvar tid tilgjengeleg for leiarteamet (på server). Utskrift den 1. i kvar månad - tilgjengeleg for alle på eininga.

E-post: Handsamast på lik linje med vanleg post. Alle tilsette har ansvar for å ta utskrift av arkivverdig inn/ut e-post. Skal leggast i hylla til styrar som registrerar.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.