Arkivtenesta er ansvarleg for å gjennomføre desse oppgåvene:
- Saksposten vert stempla med journalstempel som inneheld opplysningar og journalførande eining/arkivskapar, mottaksdato, saks- og dokumentnummer, saksbehandlar/avdeling og mogeleg unntak frå offenleg innsyn.
- Saksposten vert klassert etter arkivnøkkelen, k-kodar.
- Arkivtenesta journalfører saksdokumenta, skannar dei, og knyt dei til eksisterande arkivsaker eller opprettar nye arkivsaker. Dokumenta vert fordelt elektronisk til aktuelle saksbehandlarar. Orignale dokument vert oppbevart ei tid før makulering .Klientpost/pasientpost til einingar med saksbehandling i fagystem, vert levert dit uopna.
|
|