IKA Møre og Romsdal

Gjemnes kommune er medlem av IKA Møre og Romsdal IKS, og får utført arkivfaglege tenester gjennom dette medlemsskapet. Tenestene omfattar alt frå arkivdanning til ordning av eldre kommunale arkiv.

IKA Møre og Romsdal skal arbeide for at arkivmateriale frå medlemmene eller slikt materiale som desse tek ansvar for, blir teke vare på og gjort tilgjengeleg for offentleg bruk, forskning og andre administrative og kulturelle føremål, i samsvar med arkivlova. Som ledd i dette skal selskapet i samråd med medlemmene arbeide for å utvikle effektive og rasjonelle arkivtenester i kommunane.

Oppgåver som ligg til IKA sitt arbeidsfelt er:

- kurse og rettleie i lover som vedkjem arkiv

- ta del i den faglege og teknologiske utviklinga som ligg innanfor området informasjonshandsaming og arkivarbeid

- gje råd og rettleiing i spørsmål som knyter seg til elektroniske arkiv, både i høve til dagleg bruk og langtidslagring

- utarbeide og iverksette kommunale arkivplanar

- kurse og rettleie i bruk av kommunale arkivnøklar

- vere depotinstitusjon for medlemmene sitt konsesjonspliktige arkivmateriale

- vere depotinstitusjon for kommunale saksarkiv om kommunane ønskjer å avlevere til eit sentralt depot

- spore opp, ordne, registrere og katalogisere eldre kommunalt arkivmateriale

- gje råd og ha tilsyn med arkivlokale

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.